Fetter Petter sit på stranda.
Han veit ikkje heilt
kva han skal tru.
Skal han vere her?
Danse, symje,
reparere øydelagde kraner?
Ja, kjenner han brått.
Han skal visst det.
Men det er ein som skal få komme på besøk
om han vil?
Fetter Petter tek ein plankebit
skura blank av hav og sand
og rissar ei beskjed
- om du vil.
Lagar mast og segl
og set båten på vatnet.
Marekara legg på svøm i mørkeret
følgjer båten eit stykke
skubbar han mot kongeriket
og snur.
No er det opp til bølgjene
og vinden og lykka.
Men fetter Petter er glad uansett.