Heit, eller kanskje hot:
Ein gong då eg var ung, så visste eg ikkje kva subtil tydde. Og eg hadde ein kjærast, snart, og han sa subtil, og så spurte eg kva det var. Han blei overraska, for han var ein sånn som kunne mange ord, og han trudde nok eg òg var ei sånn.
Om eg tok deg på rumpa no, her midt på gata, hadde eg ikkje vore mykje subtil, forklarte han. Nei, men du hadde vore heit, sa eg, eller kanskje sa eg hot.
Og så lo vi godt, og så var han ikkje subtil i det heile.
…
Stjerneklar kveld:
Ho hadde ikkje smilt til meg på veker, og plutselig skjønte eg at ho ikkje trudde det var viktig. Som om ho var ein flik av gardina, ein planke i golvet, ikkje eg.
Eg prøvde å forklare korleis smilet hennar fekk meg til å smile, korleis smilet mitt kanskje fekk nokon andre til å tru på seg sjølv, korleis dei (eg var ustoppeleg!) gjekk ut i verda og gjorde ho betre; korleis det vesle og det store alltid heng saman.
Ho var fascinert. Redd. Ho hadde aldri tenkt sånn, sa ho. Eg trur aldri eg har tenkt annleis, sa eg. Men korleis trur du det er, det heile?
Ho fortalde. Det var veldig, veldig mørkt.
…
True story:
Det er natt, og eg bråvaknar. Fleire ting rører seg i rommet, men det eg legg mest merke til, er ein svart skugge nede på golvet. Eit dyr? Eg set meg opp i senga, skrur på lyset, hjartet dunkar. Det er eit buksebein som heng ut av kleskapet. Jaha. Då må dyret vere inni skapet, tenkjer eg. Det dyttar visst rundt på kleda mine der inne.
Eg burde kanskje sjå etter, men eg tør ikkje. Eg vil ikkje vite kva for dyr det er, for kva skulle eg gjere med det no, midt på natta? Dessutan er det vondt å opne skapdører når ein er så redd, også om det skulle vere ingenting der.
Eg bestemmer meg for å sove igjen. Dyret er uansett fanga der inne, og når det blir morgon, kjem eg til å opne skapet utan å tenkje meg om. Om det er noko, er det dagslys og lettare å vite kva eg skal gjere. Og om det ikkje er noko likevel, slepp eg å grue meg. Eg synest det er ein god plan. Eg legg meg ned igjen og sovnar med ein gong.
Det hender eg har elevar som ser ting som ikkje finst. Når eg tenkjer at dei er heilt ute, minner eg meg sjølv på alt som skjer i meg midt mellom vaken og draum.