Så er ikkje alt godt blant badekara likevel.
Skår i emaljen, sukkar eit skilpaddekar. Rustne røyr, raudmar fleire. Og det er slett ikkje berre den feite flodhesten som har tett sluk.
Det er derfor løvekaret har tatt med seg fetter Petter.
Først blir Fetter Petter litt sur.
Han sparkar i sanda og finn ei gammal tong.
Fetter Petter er ikkje røyrleggjar, men han kan litt om verktøy.
Forsiktig skrur han på plass ei kran.
Snart sveisar og spleisar han i solsteiken kvar dag
og gløymer nesten livet på slottet.