Fetter Petter ser på kongemannen sin. På kvervlane i nakken, den lange ryggen, den bleike rumpa. Eg likar han der, tenkjer han og stryk med peikefingeren. Eg likar han ikkje der, tenkjer han og stryk ein annan stad. Men når kongemannen held han, held han saman, likar han heile kroppen. Så dum eg var, tenkjer fetter Petter.
