Luke 14: Inkognito

Fetter Petter tek av seg krona
og på seg gamle sko.
Han festar bandet på den portugisiske vasshunden og går ut ein tur.

Nei, han går ikkje berre ut ein tur. Han snik seg ut, forbi alle. Og på gata ser han seg om:

Kan ingen her sjå at han har gifta seg med ein konge
og har blitt konge, han òg?
Kan ingen sjå at han får varm te og makronar og mjuke kyss
kvar morgon
nesten?
Veit ingen her at han brukar å rope på slottsplassen
når kongemannen er i statsråd?

Kor trur dei då han ropar?
Kven trur dei då han deler seng med?

Vasshunden bjeffar høgt.
Utan å tenke seg om slepp Fetter Petter ho laus.
Når ho spring, angrar han seg.
Han ringer hoffsjefen.
Hoffsjefen ringer gardesjefen.
Gardesjefen ringer Kongens beredskapsstyrke.
Beredskapsstyrken er i givakt.
Den portugisiske vasshunden rundar eit hushjørne.
Beredskapsstyrken følgjer etter.

Sånn her kan eg ikkje leve livet mitt, mumlar fetter Petter og går heim.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s