Kven var fetter Petter før han blei konge? Var han snikkar, seier du, så du kan dra den enkle du veit om klassereisa? Hadde ho berre kokebøker og krushundar i bokhyllene, mora stakkars, las ho ikkje aviser, trudde ho at Glasnost var ein hit; tenkte ho ikkje på at fetter Petter kunne bli noko anna enn snikkar og så blei han det han òg? Eg var døgenikt, seier Fetter Petter. Døgenikt var fetter Petter før han blei konge.
