Løvebadekaret høyrer fetter Petter rope. Finst, finst, finst, bølgjer det rundt dronningmora. For det er ho som ligg der i dag med tåneglane sine og portvinen og vanar frå ei anna tid. Må han bråke så mykje, sukkar badekaret. Dronningmora høyrer sukket som eit pust inni seg som ei lengt etter ei tid då menn var menn og skumbad var skumbad og neglar vaks rett og blei lakkerte av lystne lakeiar. Det er sånn ho hugsar det. Ho har ingen grunn til å tvile på denne allitterasjonen.
