Kongen i statsråd drøftar asylpolitikken. Fetter Petter får ikkje vere med. Det er ikkje noko for ektemakane dette. Berre Tronarvingen får komme. Fetter Petter tenkjer på dei som ikkje har pass Dei som ikkje har alder Dei som ikkje har fingeravtrykk Dei som har slutta å tru og ete og vere. Men dei finst. Dei finst, ropar fetter Petter frå slottsplassen.
