Fetter Petter giftar seg med ein konge og blir konge, han òg. Fetter Petter får krone og nye sko og varm te og makronar og mjuke kyss kvar morgon. Fetter Petter får ein hund (ein portugisisk vasshund) og eit badekar med løveføter. Hunden er berre hans. Badekaret må han dele med dronningmora.
